Bygg og eigedom har ansvar for å byggja, drifta og vedlikehalda bygg og eigedomar i Voss herad. Reinhald er ein viktig del av vedlikehaldet og reinhaldsavdelinga er ein avdeling med 50 tilsette som er organisert under Bygg og eigedom, Kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og kultur. Reinhaldsavdelinga står for reinhald på rundt 50 ulike bygg i Voss herad. Teamet har ansvaret for dei mindre bygga, dekker inn sjukefråvær og har dei større periodiske oppgåver innan reinhald.
Kvalifikasjonar:
Me ynskjer deg som:
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.