Søkjer du spennande utfordringar og eit godt fagmiljø i eit spennande tiltak, så kan dette vere stillinga for deg!
Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta, avdeling barneavlasting/barnebustad, har ledig ei 100 % stilling i vikariat som vernepleiar/miljøterapeut, med oppstart snarast mogleg. Vikariatet varer ut november 2027. Det er moglegheit for at 23 % av stillinga (helgearbeidet) kan gjerast om til fast tilsetjing.
Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med langvakter knytt til eit tiltak med 2:1 bemanning og vakter i Barneavlastinga. Arbeidshelg kvar fjerde helg med langvakter.
Barneavlastinga gjev eit avlastingstilbod for familiar som har eit tyngande omsorgsbehov for sine barn. Barna har ulike behov for oppfølging og bistand. I avdelinga arbeider ein tett på barna gjennom miljøterapeutiske tiltak og individuelt tilpassa oppfølging. Som tilsett er du med på å skape tryggleik, meistring og gode dagar for barna. Stillinga krev at ein kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivast med tett samarbeid i team. Arbeidsoppgåvene og arbeidsdagane er mange og varierte, og godt samarbeid er ein viktig faktor for både kvaliteten på tenestene og arbeidsmiljøet vårt.
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801
Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no
Høgebakkane
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5147141959
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.