Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Sporafjell barnehage ligg toppen av Verdalen med nærleik til natur, turmål og gode opplevingar rett utanfor døra. Me har 8 avdelingar i eit moderne og framtidsretta bygg som legg til rette for leik, utforsking og læring. Handlingsregelen vår er enkel:
«Saman skapar me positiv energi» Det skal merkast i møte med barn, foreldre og kollegaer kvar einaste dag.
Me spurde nokre av barna kva dei meiner er viktig når nokon nye skal begynne sjå oss, og dei sa:
* Ha eit smil
* Leika med oss
* Trøysta oss når me slår oss eller blir lei oss
* Å bli med oss når me har lyst
* Passa på oss
* At me kan gå på tur saman
I Sporafjell barnehage trur me at dei beste barnehagane blir skapte av fagfolk som får bruke kompetansen sin. Difor byggjer me ein kultur der pedagogar ikkje berre gjennomfører kvardagen, men er med og utviklar han. No søkjer me ein pedagogisk leiar som ønskjer meir enn ein jobb. Me ser etter deg som er oppteken av kvalitet i praksis, brenn for barns leik og utvikling, og som ønskjer å vere ein del av eit sterkt fagmiljø der relasjonar, inkludering og pedagogisk leiing står i sentrum.
Du har nå moglegheita til å bli ein del av eit av dei største ped.leiarteama på Jæren. Frå januar 2027 har me ledig ei fast stilling og eit vikariat som pedagogisk leiar.
Trude Evjen, Styrar, +47 99777324
Boreringen 151
4351 Klepe
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5199728380
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 09.11.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.