Samnanger kommune søkjer etter ein engasjert aktivitør i 70 % stilling til Skottabakken Bufellesskap.
Arbeidstid er dagtid med enkelte ettermiddagar.
Som aktivitør vil du skape ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag for bebuarar i bufellesskapet, og for heimebuande brukarar som avdelinga har ansvar for. Du bidreg til meistring, glede og utvikling gjennom tilpassa aktivitetar.
Aktivitøren vil ha hovudansvar for å planleggje, organisere og gjennomføre aktivitetar i tett samarbeid med øvrig personale. Stillinga inneber både faste, planlagde aktivitetar og meir spontane tiltak i kvardagen.
Erfaring fra arbeid i bofellesskap, helse- og omsorgstjenester eller miljøarbeid
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Skottabakken stod ny i 2020 og ligg i gangavstand til Bjørheim senter.
Skottabakken består av 10 leilegheiter, samt ein avlastar leilegheit. Bufellesskapet har bebuarar med utviklingshemming, ulike funksjonsnedsettingar med behov for pleie og omsorg, og tilrettelagt bu- eller aktivitetstilbod.
På Skottabakken er det lagt stor vekt på at brukarane får eit godt butilbod, aktivitet og eit godt helsetilbod. Tilsette er genuint opptatt av å skapa tryggleik og trivsel og jobbar tett med eigen bebuarane si eiga meistring. Stabil faggruppe med høg kompetanse.
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.