Edland barnehage søkjer ein trygg kollega som vil bidra til leik, læring og gode opplevingar i barnehagen!
Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar.
Barnehagen ligg midt i smørauga av norsk natur. Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek,
sykkelpark, turstiar og ljosløype, og har mange naturmoglegheiter til alle årstider.
I barnehagen er me 17 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg.
Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling.
Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn?
Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn?
Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage? Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Velkomen som søkjar!
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju.
Katrine Grindalen, Verksemdsleiar Edland barnehage, +47 41540655
Storegutvegen 50
3895 Edland
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5147348958
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 14.08.2027
Søknadsfrist: 29.06.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!