I Nav Nordhordland møter du engasjerte fagfolk som trur på at arbeid kan vere ein viktig veg til meistring, inkludering og betre livskvalitet. Kvar dag arbeider vi for at fleire menneske skal få moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet.
No søkjer vi ein rådgjevar som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte på vegen mot arbeid og utdanning.
Om stillinga
Som rådgjevar hos oss arbeider du med arbeidsretta oppfølging av personar som har helseutfordringar. Du følgjer opp brukarar både digitalt og fysisk, jobbar systematisk mot arbeid eller utdanning og samarbeider tett med arbeidsgivarar, helseaktørar og andre samarbeidspartnarar. Stillinga inneber også saksbehandling etter relevant lovverk. Stillinga har ansvar for oppfølging av brukarar i heile regionen. Primær arbeidsstad er Nav Alver i Knarvik, men det må også påreknast arbeidsdagar ved Nav Fensfjorden og Nav Osterøy.
Nav Alver er eit utviklingsorientert kontor med 80 medarbeidarar i fire fagavdelingar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer som deler kompetanse, samarbeider tett på tvers av fagområde og er opptekne av å finne gode løysingar for innbyggjarane våre. Lokala våre i Knarvik senter er lyse og trivelege, og legg til rette for ein variert arbeidskvardag i møte med menneske med ulike behov og bakgrunnar.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Inger Lise Brekke, Avdelingsleiar, 91724947, Inger.Lise.Brekke@nav.no
Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5178099685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling