Ål kommune søkjer fagleg engasjert ergoterapeut i eit vikariat i 50 % stilling frå 1. oktober 2026 - 31.07.27.
Hjå oss er all ergo- og fysioterapiteneste i kommunen samla i ei avdeling. Me har 3 ergoterapeutar, heimevaktmeister, 7 fysioterapeuter, friskivskoordinator, koordinerande eining, oppsøkjande team, dagsenter og psykisk helse og rus i avdelinga. Me har eit godt arbeidsmiljø, eit aktivt fagmiljø og breitt samarbeid med andre faginstansar. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Arbeidsområde:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på ved tilsetting.
Me kan tilby:
Me gler oss til å få deg med på laget!
Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herAvdeling Meistring er ei tverrfagleg avdeling som gir tilbod innan fysio- og ergoterapi, Frisklivssentralen, psykisk helse og rus og dagsenter. Dette er lågterskeltenester det brukar sjølv kan ta kontakt for hjelp. Avdelinga gir eit variert tenestetilbod avhengig av kva den enkelte treng. Dette kan omfatte råd og rettleiing, kurs, behandling, praktisk hjelp, ambulant oppfølging, omsorgsbustad og ulike aktivitetstilbod. Mange vert tilvist i frå lege eller andre samarbeidspartar og me har godt etablert samarbeid med spesialisthelsetenesta. Me er ei verksemd i utvikling som ynskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre kvardagen.