Mei søkjer ein påliteleg og arbeidsvillig platearbeidar/sveisar til verkstaden vår. Arbeidet består hovudsakleg av platearbeid og produksjonssveising, samt tilhøyrande oppgåver i produksjonen.
Fagbrev og/eller erfaring innan faget er ein fordel, men ikkje eitt krav. Det viktigaste er at du er lærevillig, nøyaktig og motivert for å gjere ein god jobb. Du vil få nødvendig opplæring.
Produksjonssveising
Montering og tilpassing av ståldelar
Kontroll av eige arbeid
Bruk og vedlikehald av vanleg verkstadutstyr
Bruk og vedlikehald av CNC platemaskiner
Bidra til orden, kvalitet og tryggleik på arbeidsplassen
Erfaring med sveising eller verkstadarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
Du må kunne arbeide sjølvstendig og følgje arbeidsinstruksjonar
Må beherske Norsk skriftleg og muntleg.
Vi ser etter deg som:
er nøyaktig og kvalitetsmedviten
møter presis og er til å stole på
er praktisk lagd og lærevillig
trivst med fysisk og praktisk arbeid
samarbeider godt med andre
Opplæring og oppfølging
Varierte arbeidsoppgåver
Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Arbeidsstad: Bidne
Stillingsprosent: 50-100%
Tilsetjingsform: fast
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: søndag 30. august
Send ein kort søknad og gjerne CV til post@bidnemek.no Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte Joar på telefon 97737245
Bidne Mek og Sveis AS driv mekanisk verkstad på Vossestrand i Voss herad. Me leverer tenester til landbruk, anlegg, industri og private, og utfører mellom anna sveising, mekanisk arbeid, hydraulikk, reparasjon, 3D-teikning og produksjon. Me arbeider i stål, rustfritt/syrefast stål og aluminium. Gjennom merkevara BMS-AGRI utviklar, produserer og sel me landbruksutstyr, med hovudvekt på løysingar for gjødselspreiing. Me er ei praktisk og løysingsorientert bedrift som legg vekt på kvalitet, godt handverk og god service.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.