Vaksdal kommune søker etter helsesekretær i fast 100 % stilling. Stillinga høyrer for tida til i avdeling for Tverrfagleg helse med arbeid på legekontor.
Fastlegekontoret i Vaksdal kommune held til i heradshuset på Dale. Kontoret har totalt fem fastlegeheimlar. Vi er eit lite, men godt samkjørt team som består av både legar, helsesekretær, bioingeniør og sjukepleiarar med spesialkompetanse.
Vi søker etter ein engasjert, strukturert og serviceinnstilt helsesekretær til ein hektisk og variert arbeidskvardag. Som tilsett hjå oss vert du ei viktig brikke i eit solid fagmiljø med høg kompetanse.
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.