Frå 1. september startar vi drifta på sambandet Lavik - Oppedal. Eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom fergedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vi søkjer no etter ein dyktig maskinsjef til D-ruta. Skiftordning består av dagvakter, med 2 veker arbeid og 2 veker fri. Du bur om bord i arbeidsperioden. Reisekostnadar første og siste dag i arbeidsperiode vert dekka.
Hos Fjord1 får du konkurransedyktige vilkår, attraktive velferdsgoder og god pensjonsordning.
Oppstart fortløpande. Aktuelle kandidater vert vurdert og tilsett fortløpande.
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeidar, Sigrunn.Hellebust@fjord1.no
6947 Lavik
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5159529426
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.