Vil du jobbe tett på innbyggarane og avgjerdene som formar Sykkylven kommune?
Vi har ledig ei 100 % konsulentstilling i Stab til kommunedirektøren. Her får du ein variert arbeidskvardag med dokumentforvaltning, innbyggarservice og administrativ oppfølging av politiske møte og politisk leiing.
Du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver og ei viktig rolle i både den daglege drifta og utviklinga av tenestene våre.
Arbeidsplassen er på rådhuset, der du blir av eit arbeidsmiljø med fleire fagområde. Du vil samarbeide tett med både kollegaer, kommuneleiinga og politisk leiing.
Vi søkjer ein person som skal
Arbeid medfører noko kveldsaktivitet.
Oppgåver kan endre seg over tid og nye oppgåver kan kome til. Det er gode muligheter for utvikling og nye ansvarsområde i stillinga.
Du kan ha ulik bakgrunn for oppgåvene, men forvatningskompetanse er å foretrekke.
Relevant utdanning innan administrasjon, offentleg forvaltning, dokumentforvaltning eller tilsvarande, å føretrekke på høgskulenivå.
Døme på bachelor kan vere :
Utdanning og relevant arbeidserfaring blir vurdert i samanheng.
Har du erfaring frå administrativt arbeid, sakshandsaming, dokumentforvaltning eller liknande oppgåver ønsker vi at du legg fram dette.
God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i system, rutinar og regelverk er svørt vikti
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Synnove Hunnes, Stabssjef, +47 901 40 282
Kyrkjevegen 62
6230 SYKKYLVEN
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5193050282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.