Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vil du vere med å styrkje tilbodet til barn, ungdom og familiar på Voss?
Barne- og Familiehjelpa har fått prosjektmidlar frå Statsforvaltaren, og søkjer no ein engasjert familieterapeut til ei spennande stilling. Gjennom denne satsinga ønskjer me å vidareutvikle og styrkje hjelpetilbodet til familiar som opplever krevjande livssituasjonar og relasjonelle utfordringar. Hos oss får du høve til å arbeide tett på barn, ungdom og familiar, vere med på fagutvikling og bidra til tidleg innsats der det verkeleg betyr noko. Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for å skape gode oppvekstvilkår i Voss herad.
Kven er me?
Barne- og familiehjelpa - Voss herad
Det er ein fordel dersom du har erfaring frå metodar som:
Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Anna språkkompetanse er eit pluss.
Me ynskjer ein kollega som:
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt på.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Kvifor velja oss?
Hos Barne- og Familiehjelpa får du:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.