Ådalen barnehage er ein kommunal barnehage på Kverneland med eit sterkt fagmiljø og høg trivsel. Me jobber ut frå visjonen: Alle barn skal ha lyst på livet og evne til å meistre det.
Me legg vekt på trygge relasjonar, leikens verdi og eit inkluderande fellesskap. Med varme og tilstadeverande vaksne og eit flott uteområde i dagleg bruk, skaper me ein aktiv og meiningsfull kvardag for både barn og tilsette.
Hos oss møter du eit engasjert personal som samarbeider tett, som byr på seg sjølv, og som er opptatt av å gjera kvarandre gode i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Stillinga er i første omgang 40 %, med moglegheit for auka stillingsprosent etter behov.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Elisabeth Ree, Styrar, 90148166, elisabeth.ree@time.kommune.no
Theodor Dahls veg 68
4355 Kvernaland
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5148122418
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 17.07.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.