Geriatrisk seksjon vart etablert i september 2025. Vi har 8 akuttgeriatriske senger på sengepost for akuttgeriatri og infeksjon, eit ortogeriatrisk tilbod (50% OVL) på Seksjon for Hoftebrot, tilsynsteneste på sjukehuset, telefonisk rådgivingsteneste for eksterne og poliklinisk aktivitet i utvikling. Vi bidreg til fagleg utvikling i heile organisasjonen og til undervisning internt og på tilhøyrande utdanningsinstitutasjonar. Vi har ei viktig rolle i utviklinga av den moderne helsetenesten tilpassa den eldre pasient, og helsetenesteutvikling på tvers av klinikkar er ein viktig del av vår aktivitet. Vi arbeider også med å etablere eigne forskningsprosjekt, med hovedvekt på tverrfagleg forskning som omhandlar riktig behandlingsnivå og optimal, heilheitleg behandling av eldre pasientar som skal gjennom avansert behandling.
Medisinsk klinikk har også einingar for infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar, nyresjukdommar, hormonsjukdommar og fordøyingssjukdommar.
Vi søker deg som ønskjer å delta i vidareutviklinga av det geriatriske tilbodet på Haukeland Universitetssjukehus. Vi vil ha deg som er fagleg interessert, som set pris på utvikling og endring og som trivast med å ta på deg ansvar og å ta initiativ i arbeidet. Vi vil ha deg som også ønskjer å formidle og drive fagutvikling. Vi verdsett også høgt interesse for og erfaring med forskning.
Det overordna målet til geriatrisk seksjon er bidra til heilheitleg, persontilpassa behandling av eldre pasientar med hovedfokus på å gjenopprette og behalde funksjon.
Dette er ei unik moglegheit til å arbeide ved eit av landets fremste universitetssjukehus, med stor fagleg breidde, høg forskingsaktivitet og eit sterkt tverrfagleg miljø.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Alme Katinka Nordheim, Seksjonsleder/Overlege, 41519875, katinka.nordheim.alme@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194478736
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.