Vil du bidra til at kliniske studiar blir ein naturleg og integrert del av den daglege pasientbehandlinga? Helse Bergen søkjer ein strategisk rådgjevar som skal styrkje sjukehuset si satsing på utprøvande behandling, i tråd med nasjonale målsetjingar og handlingsplanar.
Stillinga er plassert i FoU-avdelinga, under Forsking og innovasjon. Her blir du ein del av eit tverrfagleg kompetansemiljø som yter støtte og rådgjeving til leiinga, forskingsgrupper og enkeltforskarar.
Med utgangspunkt i sjukehuset sitt regionale oppdrag for kliniske studiar, får du ei sjølvstendig nøkkelrolle. Du vil jobbe overordna med å sikre gode rammevilkår for forskinga, byggje kultur, og bidra til at fleire pasientar får tilbod om deltaking i kliniske studiar.
Stillinga er lyst ut som ei 100 % stilling, men det kan vurderast å dele stillinga i to 50 % stillingar for å ha moglegheit til å kombinere med klinisk arbeid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, +47 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5154135039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.