Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode og trygge helsetenester. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt sjukepleiarteam som jobbar saman for å gje heilskapleg og kvalitetsikra oppfølging til innbyggjerane våre.
Stillinga er knytt til sjukepleiarteamet, med arbeidsoppgåver både i heimetenesta og institusjon.
Me nyttar årsturnus, med mogleghet for langvakter både i vekedagar og på helg dersom du ynskjer det.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Ved spørsmål om stillinga kontakt avdelingsleiar for heimetenesta/sjukepleiarteam Silje Andrea Kyrkjebø tlf 473 99 988
Silje Andrea Kyrkjebø, Avdelingsleiar, +47 47399988
Revahaugvegen 6
3880 Dalen
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5118543693
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.