Dagkirurgi SNR har ledig ei 60% fast stilling som spesialsjukepleiar og ei 80% fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar!
Ved Dagkirurgi SNR, med lokalisasjon Hjelset og Kristiansund, søkjer vi ein engasjert sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar som ønskjer ein variert og dagleg spennande arbeidskvardag. Pr no er 60 % stillinga lokalisert på Hjelset, og 80 % stillinga lokalisert i Kristiansund. Tilsette i Kristiansund må pårekne å ha arbeidsstad Hjelset i periodar. Seksjonen er ein del av det nye fellessjukehuset på Hjelset SNR, der moderne fasilitetar, pasienttryggleik og kvalitet står i sentrum.
Hos oss blir du ein del av eit sterkt tverrfaglig miljø med høg kompetanse og tett samarbeid mellom ulike faggrupper. Vi behandlar både vaksne og barn innan fleire kirurgiske fagområde, og tilbyr ein arbeidskvardag prega av fagleg utvikling, samarbeid og kontinuerleg forbedring.
Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og behandling av høg kvalitet.
Ved interne omrokkeringar, vil det kunne bli ledig andre stillingar i seksjonen. Aktuelle kandidater kan derfor også bli vurderte for desse. Det kan og bli aktuelt at stillinga blir knytt til arbeidshelg ved Intensiv/postoperativ SNR.
Ann-Synnøve Stranden Klausen, Seksjonsleder, +47 48094337
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194698349
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 28.10.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.