Vi har ledig fast om lag 75 % nattstilling som sjukepleiar ved Vigra omsorgssenter og Godøy bukollektiv frå 01.09.2026.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.
Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
Nina Skjong, einingsleiar, 90251630
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, +47 90248034
Reset 14
6040 Vigra
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5154801822
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.