Vi søker ein dyktig og engasjert barnehagelærarar/pedagogisk leiar til Herøy kommune. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av barna si utvikling der leik, læring og omsorg går hand i hand.
Vi legg vekt på arbeid med trygt og inkluderande barnehagemiljø, i tillegg til alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).
Vi driv eit aktivt utviklingsarbeid. Med basis i nasjonal og lokal rammeplan legg vi særskilt vekt på språkutviklinga til barna, og ser dette i ein heilskapleg samanheng med lesing i grunnskulen.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som barnehagelærar/pedagogiske leiar i for tida Moltu barnehage. Vi ser fram til å motta søknaden din!
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299
Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5147487090
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.07.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.