Har du lyst på jobb som badevakt? Gol kommune søkjer badevakt til Gol symjehall frå september 2026 i ein 12% stilling.
Gol symjehall er ein viktig møteplass for innbyggjarar og tilreisande frå heile Hallingdal. Kvart år har vi om lag 3 500 besøkande, mellom anna familiar, mosjonistar og andre badegjester. Anlegget har eit 25 x 12,5 meter stort basseng med fem banar, stupeanlegg og badstover. Det er alltid to tilsette på jobb når symjehallen er open.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:
Opplæring i livberging vil bli gitt. Det er krav om at du består livbergingsprøva.
Arbeidstid
Arbeidstida er:
Har du interesse for symjing og ønskjer ein variert deltidsjobb? Då vil vi gjerne høyre frå deg! ????
Link til søknadsskjema:
Søk herGol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og husar ca. 5 000 innbyggarar. Universitetet i Sørøst-Noreg etablerer eit Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satsar på utdanning, innovasjon og forsking. Golnøklane, samskaping, innbyggardialog og berekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkande og fastbuande. Vi kan tilby svært gode forhold for ei aktiv fritid, anten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligg midt imellom aust og vest med kort veg til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som bind oss saman med Noregs to største byar. Kommunen er inkluderande og familievennleg. Vi har både ny 1–10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod med både vidaregåande skule, folkehøgskule og snart eit universitet.