Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Gol kommune består av eit tverrfagleg og kompetent team som dekkjer helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste på barne- og ungdomstrinnet, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og Helsestasjon for Ungdom (HFU).
Vi arbeider helsefremjande og førebyggjande med mål om å sikre tryggleik, meistring og god helse gjennom heile oppveksten. Vi er i ferd med å samorganisere og samlokalisere oss med andre førebyggjande tenester for barn og unge, mellom anna psykisk helse.
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Gol kommune er eit knutepunkt i Hallingdal og husar heile 4700 innbyggarar. Her satsar vi på innbyggarane våre gjennom utdanning, innovasjon og forsking. Universitetet i Sørøst-Noreg etablerer derfor eit Campus Hallingdal på Gol i 2024. Gol er svært inkluderande og familievennleg. Vi har ei rekke barnehager og ny 1–10 skole. I tillegg har vi variert studietilbod med vidaregåande skole, folkehøgskole og vaksenopplæring. Kommunen har òg god barnehagedekning og laupande barnehageopptak. Vi kan tilby svært gode forhold for ei aktiv fritid, enten det er friluftsliv, kultur eller sport. Her finn du endelaust med ski- og sykkelløyper i umiddelbar nærleik. Kommunen ligg sentralt til i landet med korte avstandar til både Oslo og Bergen via Bergensbanen.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.