Faste stillingar og vikariat for sjukepleiar – Ambulerande heimetenester, Volda
Vi søkjer engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar til følgjande stillingar i ambulerande heimetenester, med base i Volda sentrum:
100 % fast stilling med turnus per tida dag/natt
90 % fast stilling med turnus per tida dag/natt
100 % vikariat med turnus per tida d/k
Om stillingane:
Med oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar sjølvstendig og i tett samarbeid med andre faggrupper. Du blir ein del av eit kompetent team som har fokus på kvalitet, fagleg utvikling og gode tenester for heimebuande.
Vi tilbyr:
✔ Faste stillingar og vikariat i eit utviklande fagmiljø
✔ Varierte arbeidsdagar med spanande utfordringar
✔ God opplæring, rettleiing og fagleg støtte
✔ Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
👉 Oppgi i søknaden kva stilling du primært søkjer på.
Søk no og bli ein del av vårt dyktige team!
Ambulerande heimetenester yter tenester til personar i private heimar. Dette inneberer mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper og oppfølging av multisjuke pasientar. Som fagperson er det forventa at du kan gjennomføre grundige observasjonar og god dokumentasjon. Ei viktig oppgåve er kartlegging, utarbeiding og evaluering av tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Som sjukepleiar har du ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, ingeborg.mork.haaskjold@volda.kommune.no
Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521
Sevrinhaugen 4
6102 Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5122023768
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Fleire ledige stillingar i Volda kommune