Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling i todelt turnus ved Meland sjukeheim ved avdeling Lerketunet. Vi kan tilby
100% stilling, men er også open for anna stillingsprosent dersom du ønskjer dette. Stillinga har som utgangspunkt arbeid kvar 3. helg, men du kan velje langvakter kvar 4. helg. Det er også mogleg med langvaktsturnus.
På Meland Sjukeheim blir du ein del av eit varmt og inkluderande fagmiljø der omsorg, kompetanse og gode menneskemøte står i sentrum. Hos oss er ingen dagar heilt like, men alle dagar betyr noko.
No søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til Lerketunet, ei avdeling med 12 plassar for personar som lever med demenssjukdom. Her står tryggleik, relasjonar og livskvalitet i fokus, og vi arbeider målretta for å skape ein meiningsfull og god kvardag for bebuarane våre.
Miljøarbeid er ein sentral del av tenesta, og målet vårt er å tilby eit trygt, og omsorgsfullt miljø der kvar enkelt får den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent og engasjert team legg vi vekt på individuell tilnærming, aktivitet og meistring, slik at bebuarane kan oppleve glede, trivsel og best mogleg livskvalitet.
På Meland Sjukeheim har vi også ein somatisk langtidsavdeling, Nordgardstunet, med 24 pasientar, og ein korttidsavdeling, Solkroken, med 12 plassar.
Vi har også innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg ved Meland Sjukeheim. Dette innebærer ansvar for heile sjukeheimen saman med evt. annan sjukepleiar på avdelingane. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.
Er ein fagleg dyktig sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.