Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100% fast stilling for fysioterapeut/spesialfysioterapeut.
Om stillinga
Ein av våre dyktige spesialfysioterapeuter går av med pensjon, og vi har derfor behov for å styrke teamet vårt på medisinsk og nevrologisk avdeling samt barneavdeling. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot behandling og oppfølging av innlagde pasientar på desse avdelingane, samt poliklinisk oppfølging av barn. Til stillinga ligg også rolla som koordinerande fysioterapeut for medisinsk og nevrologisk avdeling. Stillinga inneber tett samarbeid med andre faggrupper i eit dynamisk og fagleg sterkt miljø.
Om seksjonen
Klinisk fysioterapi og førebygging høyrer til Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Medisinsk klinikk. Seksjonen har 24 stillingar, inkludert tre turnusfysioterapeutar. Seksjonen gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og til Seksjon for læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapeutane arbeider ut ifrå tilvising frå somatiske avdelingar og poliklinikk.
Seksjonen har ein ung stab med fokus på fagutvikling og nye teknologiske løysingar.
I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling, er fleire tilsette i seksjonen aktive i høve til innovasjon, tenesteutvikling og forbetringsarbeid med tanke på å utvikle moderne og framtidsretta tenestetilbod. Døme kan være det digitale verktøyet Pust Deg Bedre og VR for menneske med hjerneslag:
Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie (fysioterapeuten.no).
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, +47 473 78 841
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5141225740
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.