Kom og bli med! Vi søkjer positive og engasjerte sjukepleiarar til spennande stillingar i ein moderne sengepost.
Hos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin - i eit miljø der kompetanse, samarbeid og utvikling står i sentrum.
Nevrologi og Rehabilitering sengepost er lokalisert i 4 etg. i nybygget LIVA og har 26 einerom.
Sengeposten vår består av 12 nevrologisenger, der to er overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Spesialisert rehabilitering er eit satsingsområde hos oss., og vi har per i dag åtte senger og ei treningsleilighet. Eksempel på type rehabilitering kan vere gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon. 5 senger er medisinske senger der hovudvekt av pasientane er tilknytta det indremedisinske fagområdet.
Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan fleire fagfelt, særleg nevrologi og rehabilitering.
Har du erfaring frå, eller ønske om å jobbe innan desse fagområda, håpar vi du tek kontakt.
Opplys gjerne i søknaden om kva stilling du søkjer på, eller om begge stillingane er aktuelle.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5133659438
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 05.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.