Ved Herøy vidaregåande skule er det ledig 100% vikariat som avdelingsleiar med moglegheit for fast tilsetting. Vi søkjer etter avdelingsleiar med ansvar for elevtenesta og fellesfag. Vi søker ein tydeleg og utviklingsorientert leiar med gode relasjonsferdigheiter.
Som avdelingsleiar inngår du i rektor si leiargruppe. Du vil ha personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar og vere ansvarleg for avdelinga si faglege utvikling. Du har ein åpen, inkluderande og samarbeidande leiarstil, er oppteken av å skape godt læringsmiljø og gode læringsresultat for skolen sine elevar, og du kan stille deg bak skolen si pedagogiske plattform. Den som blir tilsett må vere motivert for utviklingsarbeid og vere budd på endringar, både i eigen portefølge og organisatorisk.
Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag
Herøy vgs er også privatistskule for Søre Sunnmøre.
Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Vi søkjer deg som:
Den vi søkjer har:
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Tore Tangen, Rektor, +47 95933931
Lisjebøvegen
Fosnavåg
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5141101281
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026