Støttekontakttenesta er for personar som treng bistand til å delta på ulike fritidsaktivitetar grunna fysiske, psykiske eller sosiale begrensningar. Våre tenestemottakarar er born, personar med nedsett funksjonsevne eller eldre.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande, på bakgrunn av kva oppdrag som er tilgjengeleg frå august 2026 og framover. Vi prøvar å kople oppdragstakar og tenestemottakar ut frå felles interesser, alder og tenestemottakar sitt behov.
Oppdrag blir gjennomført etter tenestemottakar sitt vedtak på tenesta, og varierer mellom 6 og 20 timar i månaden.
Vi ber deg om å oppgi kontaktopplysningar, språk, om du har førarkort, om du har tilgang på bil, fortelje om din bakgrunn og interesser, og kvifor du søkjer.
Bidra til deltaking i sosialt liv og fritidsaktivitet, til gode opplevingar og meistring.
Lage tydlege møteavtalar og samarbeide med pårørande dersom behov.
Være ein positiv støttande samtalepartnar.
Registrere timeliste kvar månad.
Politiattest må leverast før oppstart som støttekontakt.
Vi søkjer fortrinnsvis personar som er over 18år.
Du må kunne binde deg for minst eit år.
Beherske IT-verktøy godt nok til å kunne registrere timelister og krevje utgiftsdekning digitalt. Opplæring blir gitt.
Du er omsorgsfull og tolmodig
Du er sjølvstendig, pliktoppfyllande, fleksibel og ansvarsfull
Du har god kommunikasjonsevne og sosial kompetanse
Eit meiningsfullt oppdrag kor du gjer ein forskjell i nokon sitt liv.
Fleksibel arbeidstid tilpassa både deg og tenestemottakar.
Rettleiing og oppfølging av kommunen ved behov.
Oppdraget vert godtgjort med timelønn.
Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar, +47 95918965
Presegardsvegen 31
6084 Larsnes
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5140578077
Stillingsprosent: 10%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.