Det er ledig 80 % vikariat for vernepleiar, pedagog eller tilsvarande med særkontaktansvar for enkeltelev med psykososiale utfordringar på ungdomstrinnet frå og med 17.08. 2026 til og med 31.07.2027, med moglegheiter for forlenging.
Andre med relevant utdanning kan òg søkja.
Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 14 klassar frå 1.-10. trinn.
Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet.
Skulen er medlem av den ideelle organisasjonen MOT. MOT har program for ungdomsskular og skulen vår har vald å satsa på Robust ungdom og Skulen som samfunnsbyggjar. MOT-satsinga er ein medverknad for å byggja ein varm og trygg skule, til liks med programmet SUPER, eit program frå same organisasjon som rettar seg mot dei yngste på barnetrinnet, som skulen vår er ein del av. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket
Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Link til søknadsskjema:
Søk herSand skule har omlag 290 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning
Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet.
Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.