System og infrastruktur (ITSI) har ansvar for drift, forvalting og utvikling av HVLs felles digitale infrastruktur. Eininga sikrar stabile, kosteffektive og framtidsretta løysingar for undervisning, forsking og administrasjon. Vil du hjelpe til med å sikre effektive, framtidsretta og trygge IT-tenester for Høgskulen på Vestlandet?
Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund.
Som senioringeniør IT infrastruktur vil du vere ein sentral fagressurs innan nettverk, med ansvar for drift, vidareutvikling og sikkerheit. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Sikkerheit
Anskaffingar og samarbeid
Stillinga byr på ein variert arbeidskvardag der du arbeider operativt med brukarsikkerheit – frå førebyggjande tiltak til handtering av reelle sikkerheitshendingar. Du tek del i vidareutviklinga av høgskulen sin infrastruktur og bidreg til å sette retning for utvikling og sikring av tenestene.
Formell utdanning og kompetanse:
Personlege eigenskapar:
Vi har ansvar for eit stort driftsmiljø med mange brukarar, det er difor viktig for oss at du både er fagleg sterk og kan arbeide systematisk og strukturert på eiga hand. Viss du er god på samarbeid kjem det til nytte, du vil tett inn mot andre i og utafor eininga og avdeling. Vi set pris på at du er villig til å dele av din eigen kunnskap, at du er hjelpsam mot kollegane dine, og at du tek del i opplæringa av lærlingane våre.
Vi har eit stort og kompetent IKT-miljø som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi ønskjer at medarbeidarane våre utviklar seg i jobben, og dette legg vi til rette for gjennom intern opplæring, eksterne kurs og ved å delta i forum for samarbeid og kunnskapsdeling.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1181 - senioringeniør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen, og er nyleg reorganisert med fire einingar: Brukarretta tenester, System og infrastruktur, Informasjonsforvaltning og -sikkerheit og Digital tenesteutvikling.
Til desse søker vi no nye medarbeidarar.