Digital tenesteutvikling (ITDT) utviklar og forvaltar IT-løysingar til bruk i HVL, og tilpassar og integrerer eksternt leverte produkt. Eininga er rådgjevar og ansvarleg for prosjekt- og utviklingsmetodikk.
ITDT søker ein erfaren og engasjert senioringeniør innafor Digital tenesteutvikling, med særleg ansvar for rammeverk og metode for digital tenesteutvikling.
Vi ser etter deg som trivst i skjæringspunktet mellom arkitektur, utvikling og drift. Du likar å utvikle gode tekniske løysingar, men motiverast også av å støtte prosjekt, bidra til fagleg retning og skape godt samarbeid på tvers av team og fagmiljø.
Hos oss vil du få ei sentral rolle i utvikling av moderne plattformtenester og arbeidsmåtar – både strategisk og operativt. Du vil arbeide tett med utviklarar, drift, prosjekt og leiing for å skape robuste, sikre og framtidsretta løysingar for studentar og tilsette.
Du får moglegheit til å arbeide med teknologi som støttar utdanning, forsking og samfunnsoppdraget vårt elles. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med stor fridom til å påverke teknologi, arbeidsmåtar og vidare utvikling.
Vi ynskjer å byggje moderne, bærekraftige og framtidsretta digitale tenester – og vi trur dei beste løysingane blir skapte gjennom samarbeid, deling av kompetanse og vilje til utvikling.
Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund.
Formell utdanning og kompetanse:
Personlege eigenskapar:
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1181 senioringeniør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen, og er nyleg reorganisert med fire einingar: Brukarretta tenester, System og infrastruktur, Informasjonsforvaltning og -sikkerheit og Digital tenesteutvikling.
Til desse søker vi no nye medarbeidarar.