Flekke barnehage har ledig ei 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå snarast. Som fagarbeidar vil du vere med og aktivt bidra til og delta i det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Vi ser etter deg som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar for store og små. Har du engasjement og initiativ og kan syne empati og gje god omsorg for barna? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få
høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:
Søk herFlekke barnehage har 36 barn fordelt på tre avdelingar. Barnehagen er lokalisert i same bygg som skulen, og vi har difor ekstra tett samarbeid med skulen. Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring.
Flekke barnehage ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.