Austrheim kystbarnehage har ledig ei 100 % vikarstilling som barnehagelærar frå 01.08.2026 til 31.07.2027.
Austrheim kystbarnehage er ein av to kommunale barnehagar i Austrheim kommune. Barnehagen har i dag 85 barn fordelte på seks avdelingar. Vi er 31 tilsette, med ei jamn fordeling av barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.
Er du glad i friluftsliv og naturopplevingar, kan Austrheim kystbarnehage vere arbeidsplassen for deg. Barna er ute store delar av dagen, og vi legg vekt på å gi dei gode opplevingar og erfaringar i nærmiljøet. Gjennom leik og utforsking får barna bli kjende med det som gjer Austrheim til ein unik kystkommune – den vakre naturen, sjøen og dei mange moglegheitene for aktivitet utandørs.
Vi er stolte av barnehagebygget vårt, som har ei flott plassering og er utforma med tanke på både barn og tilsette. Lokala er lyse, funksjonelle og praktiske, og bidreg til ein god kvardag for alle.
Kvar avdeling har eit stort opphaldsrom og gode leikerom som gir rom for variert leik og aktivitet. Avdelingane har også eigen inngang med grov- og fingarderobe. Rundt barnehagen finn vi ein flott leikeplass, fine skogsområde, turstiar og kort gangavstand til sjø og båtliv.
Vi ser etter deg som ønskjer å byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer. Du samarbeider godt med andre og bidreg til å finne gode løysingar saman med medarbeidarar, pedagogar og leiar. Du trivst med å vere ute og har glede av friluftsliv og naturopplevingar saman med barna.
Du er ein fagleg trygg og engasjert pedagog som har barnet og barnegruppa i sentrum, og som ser verdien av både det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
For deg er barna det viktigaste. Du skaper eit trygt og godt barnehagemiljø, er til stades i leiken og møter barna med varme, spontanitet og omsorg. Du ser og løftar fram dei positive eigenskapane til kvart enkelt barn, lyttar med heile deg og byggjer relasjonar som gir barna tryggleik, støtte og eit fang når dei treng det. Samstundes hjelper du barna med å finne balansen mellom omsyn til andre og det å ta vare på seg sjølve.
Du observerer, reflekterer og finn gode løysingar saman med barna og kollegaene dine, både inne og ute i naturen.
Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgAustrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!