Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet, avsnitt for menneskehandel, har ledig ei fast stilling som politioverbetjent med rolle som politifagleg etterforskingsleiar (PEL). Seksjonen er organisert under felles eining for etterretning og etterforsking (FEE) og består av tre avsnitt: avsnitt for etterforsking av organisert kriminalitet, avsnitt for etterforsking av menneskehandel og avsnitt for metodebruk.
På seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet har vi ansvar for fagleiing og etterforsking av organisert kriminalitet og andre høgt prioriterte saker. Vi forvaltar også bruken av skjulte metodar i politidistriktet. I vårt forebyggande arbeid samhandlar vi med andre private og offentlege aktørar. Hovudoppgåvene på avsnitt for etterforskning av menneskehandel er førebygging og etterforsking av menneskehandel og hallikverksemd.
PEL på avsnittet er ansvarleg for at etterforskinga gjennomførast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande faglege standardar og anerkjente etterforskingsmetodar, og skal bidra til at etterforskinga held påkravd kvalitet. Stillinga er plassert i Bergen. Noko reiseverksemd kan krevjast i periodar.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggja og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald gjev betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter deg som har initiativ, pågangsmot og analytisk evne til å initiere etterforsking med etterretning som grunnlag for avgjerd. Du må ha tolmod til å leie grundige etterforskingar, halde deg oppdatert på den faglege utviklinga innan etterforsking og rettleie medarbeidarar i deira produksjon. Du må kunne veksle mellom sjølvstendig etterforskingsarbeid og å leie andre. Samstundes må du ha evne til å stille om raskt ved behov. Du må kunne leie aksjoner der fleire einingar samhandlar og ein arbeider under tidspress.
Du må kunne bidra inn i både førebygging og etterretningsproduksjon innanfor fagfeltet og ha eit ønske om å opparbeide deg god kunnskap om organisert kriminalitet og menneskehandel. Som PEL ventes det av deg at du har høg etisk standard, tar ansvar, samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i eininga.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.