Fjord kommune har ledig eit 100 prosent vikariat som pedagogisk leiar i Stordal barnehage frå 1. august og ut året. Kan vere aktuelt å forlenge utover våren 2027.
Stordal barnehage ligg sentralt til i bygda Stordal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 9 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) + lærling fordelt på 28 barn. Alle barn i Stordal barnehage skal oppleve tryggleik og inkludering i barnehagen. Barna skal verte lytta til og takast på alvor. Barnehagen har to avdelingar - Rådyrskogen for barn i alderen 3 - 6 år, og Eplehagen for barn i alderen 0 - 3 år. Stordal barnehage er heilt ny og vart opna hausten 2019.
Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna ei god oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar.Barna skal føle seg sett, høyrt og likeverdige.
Oppstart snarast muleg eller etter avtale. Søkjarar vert kalla inn til intervju
NB: Ved intern tilsetting er vi interessert i søkjarar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent.
Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., +47 41867896
Stordalsveien 550
6250 Stordal
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5147614807
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 05.07.2026
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no