Lindås barnehage har ledig fast stilling som barnehagelærar i 100%. Stillinga er ledig frå 09.08.2026, eller etter avtale.
Lindås barnehage ligg sentralt på Lindås, med gangavstand til idrettshall, fotballbaner, bibliotek, skulen og flotte turområder.
Barnehagen har store, fine uteområde, som både inneheld både opparbeida leikeplass og naturleikeplass og eigen grønsakshage.
Bygget var nytt i 2021. Barna er tilknytt eigen avdeling og deler fellesrom som gymsal, kjøkken, atelier og forskarrom. Barnehagen er bygd med 7 avdelingar, men har pr. idag ledig kapasitet.
Godkjent utdanning som barnehagelærar.
Erfaring frå arbeid i barnehage er ønskeleg
Vi ser etter ein pedagog som passar godt inn i personalgruppa vår, og som samstundes tilfører nye perspektiv og bidreg til vidareutvikling av barnehagen og satsingsområda våre. Du er raus og tydeleg, og medverkar aktivt til eit godt arbeidsmiljø. I tillegg har du gode relasjonelle ferdigheiter og skaper tillit og gode samarbeid med barn, føresette og kollegaer.
Det er krav om å vise fram tilfredstillande politiattest heimla i forskfrift til barnehagelova ved oppstart.
I Lindås barnehage gir vi rom for at barna har ulike forutsetninger og erfaringar med seg heimanfrå. Omsorg og tryggheit er grunnleggjande for at barn skal utvikle seg. Vi skal bidra til at barna, i fellesskap med andre barn og vaksne, kan utvikla eit positivt forhold til seg sjølv og ha tru på egne evner. Dei vaksne støtter, anerkjenner og er til stades for barna slik at dei blir sett og høyrt. Dette gjer vi ved å rettleia, setje ord på og rette merksemda til det barna gjer.