Sula kommune har ledig eit 100% driftstilskot for fysioterapeut, frå og med 01.sep.2026. Avtalen er ein solopraksis lokalisert på Sunde, og blir lyst ut med same lokalisering, jmf ASA 4313 pkt 11
Fysioterapitenesta i kommunen er organisert under Helsetenesta saman med Rehabiliteringstenesta, Legetenesta, Kvardagsrehabilitering og Friskliv og Meistring. Kommunen har i dag 5 driftstilskot, fordelt med 3 på ytre og 2 på indre.
For å møte framtida sine utfordringar er tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og samhandling viktige faktorar. Tenesteyterane i kommunen skal saman bidra til å styrke innbyggjarane sin kvardagsmeistring og hjelp til sjølvhjelp. Kommunen søkjer derfor etter ein fysioterapeut som er meistringsorientert og som legg fokus på aktive tiltak over for pasientane.
Kommunen har fokus på samarbeid, "Vilje til å lykkast saman", og vil derfor sjå positivt på samarbeid med evt andre institutt i kommunen.
Behandling hos fysioterapeut inkluderer tiltak som har til hensikt å optimalisere funksjon og meistringsevne. Redusere eit funksjonstap, eller lindre smerte og symptom. Behandlingsformene skal vere forankra i kunnskapsbasert praksis, og kan bestå av behandling individuelt eller i gruppe. Fysioterapeuten må kunne tilby trening som ein del av behandlingstilbodet, for aktuelle pasientar. Sula kommune har utarbeid prioriteringsnøkkel som skal brukast av alle fysioterapeutane i kommunen, inkludert dei med driftstilskot. Det er viktig med eit godt og tett samarbeid med dei kommunale fysioterapeutane for å få til gode pasientforløp og flyt i tenestene.
Med godt samarbeid mellom alle fysioterapeutane, ergoterapeutane, fastlegane og den kommunale helse- og omsorgstenesta vil ein kunne gi alle innbyggjarane i Sula eit godt re-/habiliteringstilbod.
Kommunen stiller krav om deltaking i heimebehandling av pasientar, og deltaking i ansvarsgrupper ved behov.
For driftsavtalen gjeld vilkår etter avtale mellom KS og NFF, ASA 4313-Rammeavtale mellom KS og NFF,
NMF OG PFF om drift av privat fysioterapivirksomhet. Praksisen skal drivast i henhold til helse- og omsorgtjenestelova, forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar og anna relevant helselovgivning.
Søkarar gjerast merksam på at opplysningar om dei kan bli offentleggjort, sjølv om søkarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste (Offentleglova §25).
Vi ber om at søknaden blir sendt elektronisk via webcruiter.
Grethe Øen, Einingsleiar, 48005891, grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Rystene
6037 Eidsnes
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5146830167
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 10.07.2026
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.