Fjord1 søker no matros til sambandet Hufthamar–Krokeide, der du får jobbe om bord på vår moderne elektriske ferje MF Møkstrafjord.
I denne stillinga arbeider du 1 veke på og 2 veker fri i vinterhalvåret, og 2 veker på og 4 veker fri i sommarhalvåret. Du bur om bord i arbeidsperioden, og reisekostnader til og frå arbeidsstaden vert dekt.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønskjer å ta steget vidare.
Reisetida mellom Bergen og Krokeide er om lag 25 minutter.
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
5244 Bergen
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5147878396
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.