Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.08.2026 - 31.03.2027
Er du ein person som held oversikta når det skjer mykje rundt deg? Vi ser etter ein helsesekretær/sekretær som skapar struktur, yter god service og bidreg til gode opplevingar for pasientane våre.
Medisinsk serviceseksjon har ca. 30 tilsette som utfører sekretæroppgåver for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk, revmatologisk, kreftavdeling og fysikalsk medisinsk poliklinikk.
Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad med oppdatert CV.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Belvira Omic, Seksjonsleiar, +47 995 91 403
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5144546545
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 19.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.