Medisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus har ledig 50 % vikariat som sjukepleiar i perioden 06.07.2026 - 31.12.2026.
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod.
Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan mage/tarm, hjarte, lunge, infusjon og diabetes, eldremedisin, ØNH og skade.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Arnstein Ivesdal, Einingsleiar, +47 578 64 031
Sjukehusvegen 14
6770 NORDFJORDEID
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5145287945
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 06.07.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.