Har du det som skal til for å leie og utvikle ettermarknaden hos Bilhuset Førde?
Bilhuset Førde er ein av dei leiande bilforhandlarane i regionen og representerer Mercedes-Benz, Peugeot og Kia. I 2024 omsette vi for 231 millionar kroner og leverte 433 bilar til kundar i marknadsområdet vårt. Gjennom fleire år har vi hatt sterk vekst og utvikling, og no søkjer vi ein ettermarknadsleiar som vil vere med å vidareutvikle eit viktig forretningsområde i selskapet.
Vi er på jakt etter ein leiar som ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Du motiverast av å skape struktur, sikre gode rutinar og utvikle både medarbeidarar og arbeidsprosessar slik at avdelinga leverer stadig betre resultat. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å skape resultat gjennom menneske, struktur og målretta leiing. Du tek eigarskap til ansvaret ditt, set retning for teamet og sørgjer for at planar vert omsette til handling.
Hos oss får du høve til å påverke vidare utvikling av verkstad- og ettermarknadsområdet, samtidig som du byggjer eit sterkt lag og bidreg til auka kvalitet, kundetilfredsheit og lønsemd.
Som ettermarknadsleiar får du ei sentral rolle i verksemda og blir ein del av leiargruppa. Du vil vere ein viktig sparringspartnar for dagleg leiar og få stor påverknad på vidare utvikling av ettermarknadsområdet. Du skal sikre god flyt, høg kvalitet, fornøgde kundar og lønnsam drift gjennom gode rutinar, tett oppfølging og kontinuerleg utvikling.
Du vil samarbeide tett med driftsansvarleg for delar, logistikk og kundemottak, verkstadleiar og garantiansvarleg, og rapportere direkte til dagleg leiar.
Nokre av dine viktigaste oppgåver vil vere:
Vi ser etter ein leiar med gjennomføringsevne, som evnar å skape resultat gjennom struktur, oppfølging og gode relasjonar. Du trivst med ansvar, tek tak i utfordringar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og resultat.
For å lukkast i rolla trur vi at du:
Klar for utfordringa? Då ønskjer vi å høyre frå deg!
Bilhuset Førde er ein autorisert forhandlar av Mercedes-Benz, Kia og Peugeot, og held til i moderne lokale på Øyrane 6 i Førde. Vi tilbyr eit breitt utval av både nye og brukte bilar, og har også eit solid tilbod innan varebil frå våre merke.
I 2025 selde vi totalt 441 nye og brukte bilar, inkludert 57 varebilar, med ein samla omsetnad på 228 millionar kroner. Vi har over tid dokumentert eit godt vekstpotensial i regionen og arbeider målretta etter prinsippet om kontinuerleg forbetring – litt betre kvar dag.
Vi er i dag 20 tilsette som kvar dag jobbar for å levere gode kundeopplevingar – med «Kvalitet i alle ledd» som rettesnor i alt vi gjer.
Verkstaden vår er ein viktig del av totaltilbodet, og vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan service, vedlikehald og reparasjon av personbilar og varebilar. Vi har nyleg også rigga for å ta imot bubilar og minibussar opp til 7 500 kg, noko som gjer oss til ein framtidsretta aktør i regionen med kapasitet til å handtere fleire typar køyretøy.
Vi tilbyr i tillegg dekkhotell til våre kundar som ein del av tenestene våre, samt gode fasilitetar for kundar som ønskjer å arbeide medan bilen er på verkstad.
Bilhuset Førde er ein del av Bilholding & Ani Gruppen og nyttar system og kompetanse frå Bertel O. Steen. Dette gir oss eit sterkt fundament for vidare utvikling. Vi er også medlem av Norges Bilbransjeforbund, og våre tilsette gjennomfører jamleg opplæring og sertifisering for å sikre høg kvalitet i arbeidet vårt.