Syvde barnehage lyser ut 80% midlertidig stilling som fagarbeidar/assistent for barnehageåret 2026/27.
Arbeid med barn i alder 0-6 år (i høve stillingsinstruks)
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant fagbrev
- Relevant erfaring kan kompensere
- Erfaring frå barnehage, arbeid ein til ein med barn og erfaring med ASK (alternativ supplerande kommunikasjon) er ynskjeleg.
- Må kommunisere godt på norsk
- Dersom anna morsmål enn norsk og svensk, må ein ha bestått språkkrav:
A2 i skriftleg norsk
B1 i lesing og munnleg kommunikasjon
- gode samarbeidsevner
- fleksibel, omgjengeleg og serviceinnstilt
- sjølvstendig, målretta og strukturert
- positivt menneskesyn
- gå godt i lag med barn
Tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest
Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
God pensjonsordning.
I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse ved gode relasjonar og med mål om å meistre eige liv. Vi ynskjer tilsette med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse og evne til å vere med å skape ein felles barnehagesektor i utvikling.
Viser til Vanylven kommune sin lønspolitiske plan.
Åsgunn Stewart, Styrar Syvde barnehage, +47 90801663
Janne Kristin Torvanger, Skulefagleg ansvarleg, 45257521, janne.kristin.torvanger@vanylven.kommune.no
Eli Tefre Nordal, Kst. kommunedirektør, 41424805, eli.tefre.nordal@vanylven.kommune.no
Kvia 34
6140 Syvde
Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 5144533825
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 15.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 29.06.2026
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!