Vestland er i omstilling. Næringsliv, offentleg sektor og kunnskapsmiljø samarbeider for å gjere regionen grønare, og dette arbeidet gir resultat. Grøn region Vestland er ei samordna satsing kring verdiskaparane som går i front for grøn omstilling. Vi koplar aktørar og verkemiddel for auka verdiskaping.
Vi byggjer noko som skal vare. Målet er å ha eit sjølvgåande kraftsenter for grøn næringsutvikling, kunnskapsdeling for berekraftig forvalting av ressursane og nettverk for forpliktande klimaarbeid. Det du er med å byggje no, skal framleis vere i drift om ti år - med fleire bedrifter, sterkare partnarskap og historier som inspirerer langt utover Vestland.
Og vi treng nokon som kan fortelje verda om det - er det deg?
Vi søkjer ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar som kan løfte fram arbeidet til Grøn region Vestland gjennom tydeleg, truverdig og inspirerande kommunikasjon. Du vil vere ein sentral ressurs i eit prosjekt som betyr noko - for Vestland, for næringslivet og for klimaet. Stillinga er ei 3-årig prosjektstilling i 100 % med arbeidsstad på Vestlandshuset i Bergen.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere blant anna å:
Vi ser etter deg som har:
Som person:
Vi kan tilby deg:
Kathrin Jakobsen, seksjonssjef, 98255253
Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5145926718
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.