Ulstein er ein internasjonal og nyskapande aktør innan maritime løysingar. I over 100 år har våre medarbeidarar utvikla framtidsretta skip, design og teknologi for den globale maritime industrien. Er du klar for å bli Disiplinleiar Maskin, Rør & HVAC i Ulstein Verft? Her blir du fagansvarleg og ein nøkkelperson i prosjekta med ansvar for koordinering av personell og trygge kvalitet i leveransane.
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!
Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Det er også ein fordel å ha kjennskap til HVAC-R og erfaring frå leiing. Du må også kunne å kommunisere både på norsk og engelsk.
Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava.
Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 5133193714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.