Følgje opp elevar i byggverkstad og andre praktiske arbeidssituasjonar
Støtte elevar i å gjere gode val i skulekvardag og nå sine mål
Hjelpe elevar som treng ekstra fagleg og/eller sosial støtte i undervisningssituasjonen
Hjelpe elevar med å regulere emosjonar og åtferd i og utanom undervisningssituasjonen
Samarbeide med lærarar i grupper og klassar
Vere synleg i elevmiljøet i pausar og friminutt
Du har minst eitt relevant fagbrev – fortrinnsvis innan byggfag, men òg teknologi og industrifag, elektrofag eller barne- og ungdomsarbeidarfaget kan vere aktuelt.
Du har erfaring frå verkstad og kan nytte verktøy og maskiner knytt til våre programområde.
Erfaring frå arbeid med born og unge vil bli vektlagt.
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skapar gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du er praktisk og teknisk interessert og likar å arbeide med hendene.
Du likar varierte arbeidsdagar og høgt tempo.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Lena Sanden, avdelingsleiar, 45291295
Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5145041900
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 23.06.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.