Vi søkjer ein engasjert og fleksibel musikkpedagog som kan undervise elevar individuelt og i grupper, og som har lyst til å utvikle samspel, band og musikkglede i eit lite og nært kulturskulemiljø.
Solund kulturskule er ein liten kulturskule med nært forhold til elevane, foreldra og lokalsamfunnet. Hos oss er det kort veg frå idé til handling, og vi ønskjer å utvikle gode møteplassar der barn og unge får oppleve meistring, skaparglede og fellesskap gjennom musikk.
Stillinga vil omfatte individuell undervisning og arbeid med samspel, band og/eller mindre ensemble, tilpassa søkjar sin kompetanse og elevane sine behov. Det kan også vere aktuelt med prosjektarbeid i samarbeid med grunnskulen, korpset eller andre lokale aktørar.
Relevant praksis kan kompensere for formell utdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Søknaden bør innehalde kort informasjon om utdanning, erfaring, instrumentkompetanse og kva du kan bidra med inn i musikk- og samspelsarbeidet ved Solund kulturskule.
Link til søknadsskjema:
Søk herSolund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.
Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ