Er du sjukepleiar og ønskjer å tenkje nytt? Då ønskjer vi deg med på laget!
I heimetenesta arbeider ein både ute i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som arbeider målretta med «kva er viktig for deg» som pasient, innan ulike fagområde som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet følgjer opp pasientar som i periodar treng tettare oppfølging for å kunne meistre kvardagen mest mogleg sjølve.
Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan vi by på stor takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen.
Vi kastar oss ut i prosjekt som kan bidra til å gjere oss til den beste heimetenesta – både for tilsette og pasientar. Vi ønskjer medarbeidarar som kjem med forslag til nye løysingar og som tør å prøve noko nytt.
Avdelinga har årsturnus, der du i stor grad kan vere med og påverke din eigen turnus.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302
Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5149296614
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 06.07.2026
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.