Me ser etter ein person som er positiv, engasjert og motivert. Du har gjerne erfaring frå butikkbransjen frå tidlegare og tek uoppfordra ansvar. Høyrest dette ut som deg? Då kan det godt vere at det er akkurat deg me er ute etter.
Kari Traa-butikken / Voss Brandstore AS søkjer ein deltidsmedarbeidar i om lag 50 % stilling i eit eittårig vikariat. Arbeidstida vil vere på dag-, kvelds- og helgetid. Ein må rekne med ekstra arbeid i travle periodar, som i feriar.
Som butikkseljar i Kari Traa-butikken vil du, saman med kollegaene dine, ha ansvar for at butikken framstår som inspirerande, ryddig og innbydande. For oss er det viktig å gi kundane ei hyggeleg handleoppleving, god kundeservice og å vise god produktkunnskap.
Bidra til å presentere ein spennande og ryddig butikk
Setje kunden i fokus
Alltid vere løysingsorientert
Samarbeide godt med kollegaer og butikksjef
Rydde og vaske i butikken
Kle opp utstillingsdukkene
Erfaring frå butikk er ein stor fordel
Utdanning innan sal- og servicefaget er positivt
Gode IT-kunnskapar, og evne til å meistre bruk av CRM- og POS-system
Du likar å selje
Du er fleksibel og villig til å stå på ekstra i travle periodar
Du er utadvend med godt humør
Du er flink til å ta ansvar
Du har god arbeidsmoral og stå-på-vilje
Du er sjølvstendig, rask og effektiv
Du kan ta i tunge løft når det trengst
Du er ryddig og strukturert
Du er interessert i klede og sko til fysisk aktivitet
Du er lettlært
Du er over 18 år
Du meistrar norsk, både munnleg og skriftleg
Voss Brandstore AS ( Kari Traa butikken)
Me sel kle og sko for ein aktiv kvardag.
Med eit godt utval av dei fremste norske merkevarene.
Kari Traa, Johaug, Dæhlie og Bula.
Hjå oss finn du kle og sko til både damer og menn.