Hyllestad kommune vil halde fram med tilbod om fritidsklubb for barn og ungdommar i 5. - 10. klasse. Vi har opent ein ettermiddag i veka etter skuletid og fram til kl. 18.00. Klubben nyttar sosialt rom i Hyllestadhallen som base.
Føremålet med klubben er å skape ein meiningsfull sosial arena der ungdommar og større barn kan vere saman med jamaldrande og trygge vaksne. Dei unge får vere med å ta avgjerd om aktivitetar og innhald i tilbodet.
Kvar gong skal det serverast eit varmt måltid som nokre av barna er med på å lage.
Fritidsklubben er ein viktig arena for utvikling av sosial kompetanse.
Hyllestad kommune har ledig fast stilling som leiar for fritidsklubben, 13,33 % stilling, frå 10.august 2026. Arbeidstid per veke utgjer 5 timar, inkludert føre- og etterarbeid/planlegging. Aktivitetstilbodet følgjer skuleruta.
Den som vert tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest og helseattest.
Du er ein utadvendt, påliteleg, trygg og tydeleg vaksen - med eit stort hjarte for barn og unge.
Du har god kunnskap om, og er interessert i, kva dagens barn/ungdom er opptekne av.
Du har gjerne ulike ferdigheiter eller interesser som kan vere relevant for klubben sine tilbod (til dømes innan handverk, data, friluftsliv, kunst, musikk)
Du er god på relasjonar, flink til å lytte, kommuniserer godt med barn og ungdom og vil bidra til å skape eit godt og inkluderande miljø.
Ei stilling der du kan gjere ein forskjell i Hyllestadsamfunnet.
Pensjonsordning i KLP.
Løn etter kvalifikasjonar og tariff.
Link til søknadsskjema:
Søk herHyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen.
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko.
Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.
Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre.
Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!
Tilgjengeerklæring