Integreringsteamet ved Nav Kvinnherad søkjer etter ein rettleiar i 70 % vikariat fram til 28.02.2027, då ein tilsett går ut i foreldrepermisjon. Nav Kvinnherad består av 35 tilsette, medan integreringsteamet består av 8 medarbeidarar og jobbar med å gi nybusette flyktningar gode tenester og oppfølging.
Motiveres du av å jobbe med mennesker og endring? Trives du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan dette vere jobben for deg.
Endringar i oppgåver må påreknast.
Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.