Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar / vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus i eit vikariat.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til auka meistring, livskvalitet og inkludering for menneske som treng støtte i kvardagen.
Ønskede kvalifikasjoner:
· Ein meiningsfull jobb med stor påverknadskraft.
· Eit inkluderande arbeidsmiljø med stort fokus på tverrfagleg arbeid og samarbeid.
· Løn etter hovudtariffavtalen.
· Pensjon via KLP/SPK
· IA-bedrift
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Avdelinga er ein del av Helseavdelinga i Seljord. Den ligg i same bygg som dagsenteret for tilrettelagte tenester på Heddeli. Me er sju medadbeidarar som jobbar i avdelinga, men den eine er i permisjon frem til 1.4.27